Foto: Sunnfjord Miljøverk IKS

Kommunikasjonsrådgjevar

Har du lyst til å vere ein del av det grøne skiftet?

Vi treng ein kommunikasjonsrådgjevar som kan engasjere og motivere våre kundar og abonnentar å få lyst til det same. Skal ein få til eit grønt skifte og gå over til sirkulær økonomi, må vi få med oss alle. Her treng vi hjelp frå deg!

Kven er du?

Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar som er inspirerande, allsidig og motivert, og som har interesse for bransjen og omstillinga til sirkulær økonomi.

Slik vil du jobbe

Du vil arbeide i dagleg drift og prosjektbasert, med både intern og ekstern kommunikasjon. Som kommunikasjonsrådgjevar vil du vere ansvarleg for kommunikasjon og informasjon til abonnentane og kundane våre. Dette er ein av dei viktigaste faktorane for å lukkast med det grøne skiftet. God praktisk informasjon, haldningsskapande arbeid i fleire målgrupper, rettleiing om kjeldesortering og kunnskapsformidling vil være ein sentral del i dette arbeidet. Ein må tilpasse både informasjonskanal og innhald for å treffe menneske i alle aldrar og med ulike utgangspunkt. Her er det stort rom for å vere kreativ og nytenkande.

Vi har tilsette på fleire lokasjonar, og du vil vere ein nøkkelperson for å sikre god informasjonsflyt og kommunikasjon internt i organisasjonen. Ein må også rekne med at ein må vere med å handtere henvendingar frå presse.

Dette er ei nyoppretta stilling og vi vil kunne tilpasse arbeidsoppgåvene etter erfaring, ønskjer og kompetanse.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning, lengre erfaring innan kommunikasjonsarbeid kan gjere opp for manglande utdanning

  • Gode språk- og kommunikasjonsferdigheiter både munnleg og skriftleg

  • Erfaring med å produsere og publisere tekstar og innhald til digitale flate til ulike målgruppe

Vi tilbyr

  • Trygg jobb i ein trygg bransje og ein arbeidsplass i vekst

  • Konkurransedyktige vilkår og KLP pensjon

  • Fleksible arbeidstidsordningar etter avtale med kollegaer

  • Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap

  • Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt

Ønskjer du meir informasjon om stillinga? Ta kontakt med HMS/KS-Sjef Karoline Høyvik på 471 57 671 eller økonomisjef Bodil Øvretveit på 909 56 898.

Lurar du på korleis det er å jobbe i Sunnfjord Miljøverk? Les om Lennart og Karoline som fekk draumejobben hos oss!

Om stillingen
Søknadsfrist: 13. mars 2023
Arbeidssted: Einestølen, 6815 Førde
Om selskapet

Sunnfjord Miljøverk IKS

Sunnfjord Miljøverk IKS er renovasjonsselskapet til kommunane Sunnfjord, Askvoll, Fjaler og Hyllestad - til saman om lag 29 000 innbyggjarar og 12 500 abonnentar. Vår viktigaste oppgåve er å løyse kommunane sine utfordringar innan avfallshandtering på ein mest mogleg miljø- og kostnadseffektiv måte.Vi er eit selskap i vekst og har store ambisjonar for framtidas renovasjonstenester i regionen. Les meir om oss på nettsida vår.

Adresse: Kloppstadvegen 310
6815 Førde
Kontaktinformasjon

Karoline Høyvik

HMS/KS-sjef
Mobiltelefon: +47 471 57 671

Bodil Øvretveit

Økonomisjef
Mobiltelefon: +47 909 56 898
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.