Teknisk utviklingssjef
Avfallsbransjen har ein sentral rolle i det grøne skiftet og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Vi ser etter en teknisk utviklingssjef som kan vere med å utvikle SIMAS vidare som eit framtidsretta renovasjonsselskap.
Vi ser etter deg som vil vere leiar for teknologi og tenesteutvikling. Vi ynskjer ein leiar som er oppteken av utvikling og nyvinning. Du vil vere ein del av stab- og leiargruppa, og jobbe tett med organisasjonen, leverandørar, næringsaktørar, andre avfallsselskap og eigarkommunane i arbeidet med sirkulær økonomi. Som person har du eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.
Desse kvalifikasjonane ser vi etter
-
Høgare relevant utdanning innan teknologi, bygg- og/eller miljøfag.
-
Leiarerfaring
-
Dokumentert erfaring med prosjektleiing
I tillegg ynskjer vi at du
-
Har stort engasjement for miljø og berekraft
-
Interesse for teknologiutvikling
-
Har fagleg innsikt innan avfall, gjenvinning og miljøvern
-
Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
-
Har erfaring med innkjøp og anskaffingar
-
Er tydleg, målretta og kan ta avgjerder
-
Er vant med å jobbe tverrfagleg
-
Er positiv, humørfylt og inkluderande
Arbeidsoppgåver
-
Vidareutvikle verksemda sine mål og strategiar i lag med leiargruppa
-
Ansvar for prosjekt innan utbygging og driftsoptimalisering
-
Leie anskaffingsprosessar
-
Jobbe saman med kommunane i utviklinga av tenestetilbodet
Me tilbyr
-
Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar.
-
Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning.
-
Konkurransedyktig løn.
-
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling.
-
Arbeidsstad i naturskjønne omgivnadar, med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skuler og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du òg oppleve ein køfri kvardag.