Administrasjonsleiar
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet. Me søkjer etter ein engasjert og inspirerande administrasjonsleiar som kan ha ei sentral rolle i utviklinga av SIMAS som eit framtidsretta renovasjonsselskap.
Som administrasjonsleiar vil du vere ein del av stab- og leiargruppa. Du vil få ansvar for ei avdeling med 6 engasjerte medarbeidarar som jobber innafor områda, kunde- og sakshandsaming, arkiv, juss, IKT, berekraft og kommunikasjon. Som person har du evne til å skape tryggheit og sikre framdrift gjennom god og tillitsfull kommunikasjon.
Arbeidsoppgåver
-
Ansvar for administrasjonsavdelinga, dvs. leie og utvikle avdelinga
-
Følgje opp ulike fagområde i avdelinga
-
HR-ansvaret i verksemda
-
Bidra aktivt i stab- og leiargruppa
-
Følgje opp samhandling og koordinering mot driftsavdelingar saman med avdelingsleiarar
-
Vidareutvikle verksemda sine mål og strategiar i lag med leiargruppa
-
Ansvar for å følge opp personal- og lønspolitikken til SIMAS
Kvalifikasjonskrav
-
Relevant utdanning på universitets-/høgskulenivå innan organisasjon og administrativ leiing. Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
-
Relevant erfaring innan administrasjon og/eller HR
-
Erfaring innan personalforvaltning, innsikt i lov- og avtaleverk for arbeidslivet, partssamarbeid og medbestemmelse
-
Erfaring med sakshandsaming i offentleg sektor
-
God digital kompetanse
-
Leiarerfaring
I tillegg ynskjer me at du:
- Har eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Ser moglegheiter og tek initiativ til forbetringar
- Er tydleg, målretta og kan ta avgjerder
- Er van med å jobbe tverrfagleg
- Er positiv, humørfylt og inkluderande
- Har stort engasjement for miljø og berekraft
Me tilbyr
-
Ei sentral rolle i utviklinga av viktige tenester for samfunnet og innbyggjarar
-
Arbeid med spanande fagområde innan miljø- og ressursforvaltning
-
Konkurransedyktig løn
-
Pensjonsavtale i KLP
-
Eit godt arbeidsmiljø med fokus på verdiar og samhandling
-
Arbeidsstad i naturskjønne omgjevnadar med kort avstand til flotte turar, både sommar og vinter. Sogn er kjent for gode skuler og eit rikt utdanningstilbod. Her vil du òg oppleve ein køfri kvardag.
Spørsmål om stillinga
Spørsmål om stillinga kan rettast til Dagny Alvik på telefon 913 90 943
Publisert 7. juni 2023