Vi søker etter ein kollega, som vil få ansvaret for den daglege drifta av mellomlager for farleg avfall og
gjenbruksstasjonen i Gloppen.
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Mottak, sortering og handtering av farleg avfall
- Drift av gjenbruksstasjon
- Journalføring
- Pakking og klargjering av farleg gods
- Tilsyn med lager for farleg avfall
- Rettleiing av kundar med omsyn til sortering
Vi ser etter deg som:
- Er nøyaktig , strukturert og pålitelege
- Jobbar sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet
- Har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr
- Er lærevillig, og kan tileigne seg ny kunnskap
- Tek initiativ til å få ting gjort
- Har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, og kan handtere dataverktøy.
- Erfaring med handtering av kjemikalie eller farleg avfall vil vere eit stort pluss. Tilsett vil få opplæring, og grunnleggande forståing for kjemi er avgjerande for arbeidet. Søkar som ikkje har truck- og maskinførarbevis må ta dette ved tilsetting.
Vi tilbyr:
Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje.
Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
God pensjonsordning
Stillinga rapporterer til driftsleiar, og vil samarbeide nært med miljøkonsulent.
Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med Frode Denk tlf 915 31 042. Søknad og cv sendast til post@nomil.no og merkast med «formann, farleg avfall og gjenbruksstasjon»
Søknadsfrist: 4.oktober
Publisert 18. september 2020