Vi søker etter ein kollega, som vil få ansvaret for den daglege drifta av mellomlager for farleg avfall og
gjenbruksstasjonen i Gloppen.

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere: 

  • Mottak, sortering og handtering av farleg avfall 
  • Drift av gjenbruksstasjon 
  • Journalføring 
  • Pakking og klargjering av farleg gods 
  • Tilsyn med lager for farleg avfall 
  • Rettleiing av kundar med omsyn til sortering 

Vi ser etter deg som: 

  • Er nøyaktig , strukturert og pålitelege 
  • Jobbar sjølvstendig, systematisk og etter føre-var-prinsippet 
  • Har gode haldningar til sikkerheit og bruk av verneutstyr 
  • Er lærevillig, og kan tileigne seg ny kunnskap 
  • Tek initiativ til å få ting gjort 
  • Har gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, og kan handtere dataverktøy. 
  • Erfaring med handtering av kjemikalie eller farleg avfall vil vere eit stort pluss. Tilsett vil få opplæring, og grunnleggande forståing for kjemi er avgjerande for arbeidet. Søkar som ikkje har truck- og maskinførarbevis må ta dette ved tilsetting. 

Vi tilbyr: 

Fast 100% stilling i ein framtidsretta bransje.
Sjanse til å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag
God pensjonsordning 

Stillinga rapporterer til driftsleiar, og vil samarbeide nært med miljøkonsulent. 

Om dette høyrest interessant ut, ta kontakt med Frode Denk tlf 915 31 042. Søknad og cv sendast til post@nomil.no og merkast med «formann, farleg avfall og gjenbruksstasjon» 

Søknadsfrist: 4.oktober 

Om stillingen
Søknadsfrist: 4. oktober 2020
Ansettelsestype:
Stillingsbrøk:
Arbeidssted: Nordfjord Miljøverk
Om selskapet

Nordfjord Miljøverk Iks

Nordfjord Miljøverk IKS (NoMil) er eit interkommunalt renovasjonsselskap til kommunane Bremanger, Kinn, Stad, Gloppen og Stryn. Til saman er det rundt 44 000 innbyggjarar i desse kommunane. NoMil si hovudoppgave er å ta hand om hushaldningsavfallet som oppstår i kommunane. NoMil administrerer mellom anna renovasjonskøyring, mottak av avfall på returpunkt, samt vidaresending av avfall, i tråd med vedtak i kommunane. NoMil yter tilsvarande tenester også til næring.
Organisasjonsnummer: 977549833
Adresse: Eidsmona 14
6823 SANDANE
Kontaktinformasjon

Frode Denk

E-post: post@nomil.no
Mobiltelefon: 915 31 042
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.