Rådgjevar/seniorrådgjevar – forureining

Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland

Om stillinga

Har du lyst til å jobbe med spennande forureiningssaker? Miljøavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgjevar/overingeniør eller senioringeniør/seniorrådgjevar i forureiningsseksjonen.

Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande jobbkvardag hjå oss. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har 48 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med tilsette på Leikanger og i Bergen.

Statsforvaltaren er styresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova for desse bransjane.

Det vil vere søkjarane sine kvalifikasjonar og preferansar som vil bestemme om stillinga vil bli knytt til Bergen eller Leikanger.

Arbeidsoppgåver

  • Handsame søknadar om utslepp frå avfallsanlegg og industri frå private verksemder og kommunar.

  • Gjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverket.

  • Handsame klager på kommunale vedtak og forureining.

  • Ha kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonar.

  • Rettleiing om miljøregelverket til offentlege og private aktørar.

  • Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova.

Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Det må påreknast ein del reiseverksemd i fylket.

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanning.

  • Det vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltning.

  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Strukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllande.

  • Fleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan forureining.

  • Omgjengeleg i samarbeid med andre.

  • Gode kommunikasjonsevner.

  • Evne til å ta initiativ og gjennomføringsevne.

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk).

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver

  • ein arbeidsplass i utvikling

  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø

  • medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar

  • fleksibel arbeidstid

Vilkår

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/ 1364 seniorrådgjevar, frå kr 530 000-650 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • miljødirektør Kjell Kvingedal på telefon 55 57 23 12/mobil 975 04 050 eller e-post kjell.kvingedal@statsforvalteren.no

  • seksjonsleiar Sissel Storebø på telefon 55 57 23 17/mobil 928 27 86 eller e-post sissel.storebo@statsforvalteren.no

Om stillingen
Søknadsfrist: 10. april 2023
Ansettelsestype: Fast ansettelse
Stillingsbrøk: Fulltid
Arbeidssted: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Om selskapet

Statsforvaltaren I Vestland

Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.

Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.

Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.

Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde - med hovudsete i Leikanger.

Adresse: Njøsavegen 2
6863 Leikanger
Kontaktinformasjon

Kjell Kvingedal

Miljødirektør
E-post: kjell.kvingedal@statsforvalteren.no
Mobiltelefon: +47 975 04 050
Kontortelefon: +47 555 72 312

Sissel Storebø

Seksjonsleiar
E-post: sissel.storebo@statsforvalteren.no
Mobiltelefon: +47 928 27 86
Kontortelefon: +47 555 72 317
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.