Ledig nyoppretta stilling som HMS/HR konsulent
Vi søker etter deg som vil bidra til å gje både kollegaer ein tryggare kvardag, og ta i vare dei tilsette sine rettar og behov innan HMS og HR.
Arbeidsoppgåver
-
Samordne og leie HMS- og kvalitetsarbeidet i heile organisasjonen
-
Utarbeide og følgje opp internkontroll, handbøker, risikovurderingar, handlingsplanar, tilsyn og bedriftshelsetenesta sitt arbeid
-
Vernearbeid og arbeidsmiljøfaglege oppgåver
-
Leiar for industrivern
-
Oppgåver knytt til tilsettingar, rekruttering, kompetanseutvikling og andre HR-funksjonar
Du vil og kunne ta del i prosjektarbeid, utviklingsarbeid og andre oppgåver.
Vi søker etter deg som
-
Har høgare utdanning innanfor områda HMS, arbeidsmiljø, tryggleik, beredskap eller liknande
-
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
-
Er god til å samarbeide og kommunisere med andre
-
Kan halde seg oppdatert på lovverk
-
Kan jobbe med dataverktøy og digitale system
-
Har sertifikat klasse B
Oppmøtestad er hovudkontor i Eidsmona på Sandane, med oppfølging ute på våre avdelingar og gjenbruksstasjonar. Du vil jobbe nært opp mot miljøkonsulent, økonomikonsulent, verneomboda og avdelingsleiarar.
Vi tilbyr
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje med sjanse å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag saman med gode kollega. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til dagleg leiar Inge Bent Arnestad tlf. +47 959 72 144 eller sjå nomil.no.
Søknad og CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «HMS/HR KONSULENT».
Søknadsfrist: 20. oktober 2023.
Publisert 27. september 2023