Foto: Nordfjord Miljøverk Iks

Ledig nyoppretta stilling som HMS/HR konsulent

Vi søker etter deg som vil bidra til å gje både kollegaer ein tryggare kvardag, og ta i vare dei tilsette sine rettar og behov innan HMS og HR.

Arbeidsoppgåver

  • Samordne og leie HMS- og kvalitetsarbeidet i heile organisasjonen

  • Utarbeide og følgje opp internkontroll, handbøker, risikovurderingar, handlingsplanar, tilsyn og bedriftshelsetenesta sitt arbeid

  • Vernearbeid og arbeidsmiljøfaglege oppgåver

  • Leiar for industrivern

  • Oppgåver knytt til tilsettingar, rekruttering, kompetanseutvikling og andre HR-funksjonar

Du vil og kunne ta del i prosjektarbeid, utviklingsarbeid og andre oppgåver.

Vi søker etter deg som

  • Har høgare utdanning innanfor områda HMS, arbeidsmiljø, tryggleik, beredskap eller liknande

  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning

  • Er god til å samarbeide og kommunisere med andre

  • Kan halde seg oppdatert på lovverk

  • Kan jobbe med dataverktøy og digitale system

  • Har sertifikat klasse B

Oppmøtestad er hovudkontor i Eidsmona på Sandane, med oppfølging ute på våre avdelingar og gjenbruksstasjonar. Du vil jobbe nært opp mot miljøkonsulent, økonomikonsulent, verneomboda og avdelingsleiarar.

Vi tilbyr

Utfordrande arbeidsoppgåver i ein framtidsretta bransje med sjanse å utgjere ein forskjell for miljøet kvar dag saman med gode kollega. Løn etter avtale og god pensjonsordning i KLP. Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til dagleg leiar Inge Bent Arnestad tlf. +47 959 72 144 eller sjå nomil.no.

Søknad og CV skal sendast til e-post soknad@nomil.no og merka «HMS/HR KONSULENT».

Søknadsfrist: 20. oktober 2023.

Om stillingen
Søknadsfrist: 20. oktober 2023
Ansettelsestype: Fast ansettelse
Arbeidssted: Sandane
Om selskapet

Nordfjord Miljøverk Iks

Nordfjord Miljøverk – NoMil – er eit interkommunalt renovasjonsselskap for kommunane Gloppen, Stryn, Bremanger, Stad og Kinn. Selskapet si hovudoppgåve er knytt til avfallshandtering i kommunane. Selskapet har hovudkontor på Sandane og avdelingar på Nordfjordeid og i Florø.

Adresse: Eidsmona 36
6823 Sandane
Kontaktinformasjon

Inge Bent Arnestad

Dagleg leiar
Mobiltelefon: +47 959 72 144
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.