Me søkjer ein dyktig økonom med ein sterk fagprofil innan analyse, controlling og rapportering. Økonomisjefen vil ha ei sentral rolle i den administrative drifta av NGIR og ha personalansvar. Rett person må difor trivast i leiarrolla og kunna utøva eit godt og inspirerande leiarskap. Stillinga rapporterer til dagleg leiar og inngår i leiargruppa.
Ansvar som ligg til stillinga:
- budsjettering og utarbeiding av økonomiske rapportar til styre og representantskap
- årsoppgjer og kontakt med revisor
- controlling
- gjennomføring av anbodsprosessar
- gjennomføring av endrings- og effektiviseringsprosessar, med digitalt fokus
- økonomisk analyse
- sakshandsaming og forvaltningsoppgåver
- personalansvar og operasjonelt ansvar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- solid akademisk utdanning
- minimum 5-10 års relevant erfaring, inklusiv kjennskap til offentleg forvaltning
- initiativrik og analytisk
- fagleg sterk, målretta og løysingsorientert
- nøyaktig og strukturert
- gode leiareigenskapar
- gode digitale ferdigheiter
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode samarbeidseigenskaper og serviceinnstilling
- stor arbeidskapasitet
- gode haldninger til miljø
Me tilbyr ei utviklande stilling, med kompetente og stabile medarbeidarar, og med høve til fagleg oppdatering. Løn etter avtale og pensjon/forsikring i KLP.
For fleire opplysningar kontakt Mercuri Urval v/ Anders Kleppe Norheim tlf. 975 59 059 eller Gro Reinertsen tlf. 975 59 058. All uformell kontakt med Mercuri Urval vert handsama konfidensielt, om ynskjeleg også overfor oppdragsgivar. Søk på stillinga snarast, og seinast 30.01.2020.
Publisert 13. januar 2020