SIMAS søkjer direktør

Om stillinga

No treng SIMAS ny direktør. Me ser etter deg som kan leie den daglege drifta av selskapet og stå ansvarleg for at drifta er i samsvar med selskapsavtale og årsbudsjett.

Me ynskjer ein person som har eit bevisst forhold til utvikling av god bedriftskultur og fokus på å skape forankring i organisasjonen.

Me ynskjer ein leiar som er oppteken av utvikling og nyvinning og vil jobbe tett med andre næringsaktørar, avfallsselskap og eigarkommunane. Dette med bakgrunn i overgang til sirkulær økonomi og den viktige rolla selskapet har i samfunnsutviklinga.

Arbeidsoppgåver

  • Vurdere verksemda sine mål og utvikling, og i lag med stab og leiargruppe/styreleiar legge fram forslag til tiltak for styret.

  • Møte med og oppfylging av kommunane sitt arbeid med renovasjon.

  • Overordna budsjettarbeid.

  • Overordna ansvar for HMS og å fylgje opp og revidere HMS-dokumenta.

  • Syte for at verksemda når budsjetta sine på ein kostnadseffektiv måte med fokus på kontinuerleg forbetring.

  • Syte for gjennomføring av styret og representantskapet sine vedtak.

  • Rapportere verksemda sin situasjon, hendingar og aktuelle situasjonar til styret.

  • Førebu klagesaker til ankenemda.

  • Avgjere saker i høve vedteken renovasjonsforskrift (slam og hushaldsrenovasjon).

  • Møtesekretær i SIMAS, både for styret og representantskapet.

Stillinga rapporterer til styret for SIMAS. På dagleg basis utanom styremøta rapporterer direktøren til styreleiar.

Kvalifikasjonar

Du må ha høgare teknisk, administrativ eller økonomisk utdanning, i tillegg til dokumentert leiarkompetanse.

I tillegg ynskjer vi at du:

Har fagleg innsikt innan avfall, gjenvinning og miljøvern.

Er oppteken av samfunnsutvikling.

Er ein tydeleg leiar med gode samarbeidsevner.

Kan handtere mange og komplekse oppgåver samtidig.

Er positiv, humørfylt og inkluderande.

Meistrar norsk skriftleg og munnleg, nynorsk er eit krav.

Om stillingen
Søknadsfrist: 30.09.2021Arbeidssted: Festingdalen, SogndalStillingsform: Fast ansettelseHeltid/deltid: Heltid

Søk Stillingen

Om arbeidsgiveren
Simas Iks Adresse: Festingdalsvegen 368, 6854 KAUPANGEROrg.nr.: 974888076Hjemmeside: https://www.simas.no/

SIMAS IKS er eit renovasjonsselskap som handsamar avfallet for omlag 28.000 innbyggjarar i Sogn. Me har fokus på å utnytte verdiane i avfallet og bidra til minst mogleg utslepp av klimagassar og miljøgifter- på ein kostnadseffektiv måte.

Kontakt
Hallvard Thomassen
Direktør
Tlf: +47 995 78 118
Jøril Hovland
Styreleder
Tlf: +47 482 19 780