Om stillinga
Vi søkjer ein kunnskapsrik og engasjert medarbeidar til eit vikariat, som skal bidra inn i arbeidet med avfall og sirkulær økonomi. Hos oss får du moglegheit til å bidra inn i viktig arbeid med utfordrande og viktige samfunnsoppgåver i samarbeid med svært kompetente kollegaer.
Seksjon for avfall og gjenvinning (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/miljogiftavdelingen/avfall-og-gjenvinning/) er ein av fem seksjonar i Miljøgiftavdelinga (https://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/miljogiftavdelingen/avfall-og-gjenvinning/). Seksjonen har ansvar for regelverk og verkemiddel innanfor avfall, som avfallsførebygging, innsamling, materialgjenvinning, returordningar, farleg avfall og eksport/import av avfall, og er sentral i direktoratet sitt arbeid med sirkulær økonomi.
Seksjonen samarbeider tett med andre einingar i Miljødirektoratet, og har mykje utoverretta kontakt med andre statlege etatar, fylkesmenn, kommunar og næringsliv. Vi formidlar den nasjonale avfallspolitikken, arbeider for å nå dei nasjonale måla og varetek Noregs internasjonale forpliktingar og interesser innanfor ansvarsområda våre.
Seksjonen har 15 engasjerte medarbeidarar og har arbeidsstad sentralt plassert på Helsfyr i Oslo.
Stillinga sine hovudansvarsområde
- arbeid med oppdrag/førespurnadar frå Klima- og miljødepartementet
- bidra inn i tiltaks- og verkemiddelvurderingar og utvikling av regelverk innanfor ansvarsområdet vårt
- bidra inn i arbeid med returordningar for emballasje
- bidra inn i arbeid med eksport/import av avfall
- bidra inn i anna arbeid i seksjonen, medrekna informasjon, rettleiing og forvalting av regelverk innanfor ansvarsområdet vårt
Kompetansekrav
Kvalifikasjonar
- mastergrad innan naturvitskaplege fag, ingeniørfag eller andre relevante fagområde
- det er ønskjeleg med relevant erfaring frå nasjonale, regionale eller kommunale myndigheiter, eller arbeid med avfall eller sirkulær økonomi i verksemder/organisasjonar
- særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, og gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar
Eigenskapar
- du må levere gode resultat til rett tid
- du må vere særs god til å samarbeide og oppnå gode resultat saman med andre
- det er ønskjeleg med god rolleforståing
- det er ønskjeleg at du er god til å organisere og planleggje arbeidet, og til å formidle informasjon
- der er ønskjeleg at du er god til å sjå heilheit i arbeidet og til å sjå nye løysingar/moglegheiter
- det er også ønskjeleg at du er god til å handtere ein hektisk arbeidskvardag
Vi tilbyr
- eit vikariat anteke ut 2021 med lønn som rådgivar/overingeniør/senioringeniør frå kr 472 000 (ltr 53) til kr. 583 900 (ltr 65) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifisert søkjar kan vurderast høgare.
- moglegheit til å vere med på å drive arbeidet vidare på eit viktig og prioritert samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar – inkludert trening i arbeidstida
- fleksible arbeidstidsordningar og pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no/)
Spørsmål om stillinga og korleis søke
Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Hege Rooth Olbergsveen på telefon 41521909 eller e-post hege.rooth.olbergsveen@miljodir.no
Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til Anja Vardan Canales på telefon 92822747 eller e-post anja.vardan.canales@miljodir.no
Du sender søknad med relevante vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.no.
Vi ønskjer at du lastar opp vitnemåla dine gjennom Vitnemålsportalen.
Merk søknaden: 04-2020 MAF
Søknadsfrist: 9. februar 2020
Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.
Det blir gjennomført forsøk med anonyme søknader i staten. Anonymiseringa av søknader skal gjelde den fyrste utsilingsfasen av kandidatar som er aktuelle for intervju. Forsøket blir evaluert av Difi, som behandlar anonyme opplysingar om tilsetjingsprosessen og det blir utarbeidt ein statistikk over resultatet av forsøket. Opplysingar om enkeltpersonar vil ikkje bli utleverte til andre i samanheng med forsøket og evalueringa, men reglane om innsyn i offentleg søkjarliste og utvida søkjarliste gjeld.
Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.
Her er lenke til vår personvernerklæring (https://www.miljodirektoratet.no/personvernerklaring/).
Publisert 28. januar 2020