IHM har ledig stilling som transport- og logistikkleiar
Transportleiar er bindeleddet mellom ordremottak og kunde. Det er transportleiar som styrer dagleg fordeling og utnytting av mannskap og materiell.
Oppgåver/Ansvarsområde
-
Utarbeide arbeidsplanar
-
Utarbeide vedlikehaldsplanar for bilpark
-
Tett på dagleg drift
-
Medverke til å utvikle metodar, arbeidsverktøy og fagsystem
-
Ansvar for planlegging og operativ drift av flåtemateriell og sikre måloppnåing
-
Medverke i budsjettarbeid og følge opp kostnader i eige resultatområde
-
Personalansvar og ansvar for HMS for sjåførgruppa på 14 sjåfører
-
Sikre optimal utnytting av bilpark
-
Ansvar for kontinuerlig forbetringar i gruppa og optimalisering av ruter
Personlege eigenskapar
-
Evne til å motivere, engasjere, inspirere sine medarbeidere og være ein god rollemodell
-
Gode samarbeidsevner og være løysingsorientert
-
Endringsvillig
-
Strukturert
-
God heilheitsforståing
-
Høg gjennomføringsevne og evne til å skape gode resultater
-
Høg arbeidskapasitet
-
Kunne takle ein hektiske kvardag med mange ballar i lufta
-
Gode HMS- haldningar
Kompetanse/kvalifikasjonar
-
Førarkort kl C og YSK er ynskjeleg, men ikkje eit krav
-
Leiarerfaring
-
Gode digitale ferdigheiter
-
Erfaring med flåtestyring
-
Gode skriftlege og munnlege norsk- og engelskkunnskapar
-
God kjennskap til bransjespesifikke lover og reglar
IHM kan tilby:
-
Gode pensjonsordningar gjennom KLP
-
Gode forsikringsordningar
-
Konkurransedyktige lønsvilkår
-
Godt og spanande arbeidsmiljø
-
Fleksibel arbeidstid
Stillinga rapporterer til Drift- og HMS-leiar
Søknad og CV sendes: ihm(at)ihm.no. Merk søknad: «Transportleiar»
Søknadsfrist: Søknader vert handsama fortløpande, men siste frist fredag 8.april
Publisert 5. april 2022