Bransjestemmer
Konkurransetilsynets lokaler i Bergen

Når varselslampar bør lyse raudt hos bransjeforeiningar

Bransjeforeiningar har som oppgåve å vere ein ressurs for føretaka som er medlemmar – men av og til kan iveren etter å yte service til medlemmane føre til at konkurransereglane vert brotne.

Ei bransjeforeining er ei samanslutning av føretak. Etter konkurranselova § 10 kan konkurransehemmande samarbeid i ei slik samanslutning vere ulovleg. Eit brot på regelen i lova kan føre til at både foreininga og medlemmane vert pålagd høge gebyr.

I ei tid der mykje vert dyrare og frustrasjonen blant medlemmar kan vere høg, er det viktig å hugse på at medlemmane også er konkurrentar. Det bør derfor lyse ei raud varsellampe om foreininga vurderer å legge til rette for, eller oppfordrar medlemmane til samarbeid om det vi kallar konkurranseparameter. Det vil seie forhold som har innverknad på konkurransepresset mellom medlemmane. At ei foreininga gir signal til medlemmane om kva prisar dei bør ta av kundane, kor mye medlemmane skal produsere eller kva for produkt dei skal tilby, er derfor eksempel på kva som normalt er forbode. Bidrar ei foreining til at medlemmane fordeler kundane mellom seg, blir det og gale.

Å samarbeide om prisar ut til kundane veit dei fleste vil vere ulovleg. Dette gjeld sjølv om det skjer på foreininga sitt initiativ med det «gode formålet» å redde medlemmane frå konkurs eller auke det som vert oppfatta som gjengs urimeleg låg inntening. Det vil såleis kunne vere direkte skadeleg for konkurransen og dermed ulovleg, om foreininga fortel medlemmane sine kva minimumsprisen ut til kundane bør vere, eller at medlemmane bør gjennomføre ein prisauke. Foreininga bør og avstå frå å samle inn medlemmane sine prisar for så å sende estimat ut til medlemmane på kva prisar eller marginar medlemmane bør legge opp til i framtida. Sjølv om ikkje medlemmane følgjer oppmodinga, kan foreininga ha brote lova i slike tilfelle. Om medlemmane blir samde om felles pris til kundane vil dette også sjølvsagt vere eit lovbrot.

Om foreininga sentralt gir føringar på å redusere produksjonen eller salet av varer, vil det kunne føre til mindre tilbod og høgare prisar for kundane. Det same gjeld om foreininga hjelper medlemmane til å verte samde om slike reduksjonar seg i mellom. Sjølv om det kan verke freistande å hjelpe medlemane å auke innteninga i harde tider, vil slike handlingar frå foreining si side fort verte lovstridige. Måtane medlemmane har blitt samde om ein reduksjon på er altså ikkje viktig, så lenge reduksjonen skjer som følgje av ei samforståing mellom medlemmane om å redusere konkurransepresset dei i mellom.

Særleg for bransjeforeiningar som består av små bedrifter, kan det vere både nyttig og forståeleg at foreininga held kurs om rekneskap, yter aktivt hjelp til å sette opp regnskapsprogram eller på anna måte hjelper til med regnskapsføringa til medlemmane. Dette vil til eit visst punkt vere greitt, men blir eit felles regnskapsprogram eller liknande for spesifikt, kan dette vere problematisk. For eksempel vil det kunne vere ulovleg om foreininga set opp ein standardisert regnskapsmodell der det er lagt inn gitte marginar eller rabattar som medlemmar bør legge til grunn. Dette kan føre til felles auke av prisar.

Dersom ei foreining av ulike årsaker skulle finne på å oversjå raude varselslampar og legge til rette for samarbeid mellom medlemmane sine på ulovleg vis, vil alle medlemmane kunne bli delaktige i å bryte konkurranselova. Også dei enkeltmedlemmane som vel å sjå vekk frå «hjelpa». For å ha ei moglegheit til å unngå at ditt føretak blir del av lovbrotet, må du aktivt og høglydt ta avstand frå det som vert gjort. Det vil samstundes vere ein god ide å informere Konkurransetilsynet om forholdet. Det kan du gjere med eit anonymt tips. Dersom du gjer deg til kjenne for tilsynet, kan du og be om lemping for eige føretak. Gjer du det siste, kan føretaket ditt både stoppe det ulovlege samarbeidet og unngå å få eit gebyr, noko som både vil vere til gunst for samfunnet og ditt eige firma.

Konkurransetilsynet oppfordrar derfor alle bransjeforeiningar til å hugse at medlemmane også er konkurrentar. Vert dette gløymd, kan det vere svært uheldig for kundane og det kan bli kostbart for foreininga sjølv og medlemmane.

Branndeteksjon

Onsite Security Solutions AS

Biomat® matavfallsposer

Naturabiomat AS

Overflate bunntømt

Alles Miljø AS

Renovasjonspåbygg

NTM Trailer & Tipp

Slik leverer du båten

Viking Gjenvinning AS

NITON XL5 Plus

Holger Hartmann As
Siste nytt fra Avfallsbransjen.no

Kanalpresser / Horisontalpresser

EnviroPac AS

Avfallscontainere

Vi hensyntar både kvalitet, miljø og pris

Nordcon As

Transport

Viking Gjenvinning AS

Plastpakking av frukt og grønnsaker

Naturabiomat AS

Ballepresser

Alles Miljø AS
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.