Bransjestemmer
Harald Nyland er driftsansvarlig for renovasjon i Sunnfjord Miljøverk

Vegen mot ei grønare framtid

Vi står ovanfor ei stadig veksande utfordring med avfallshandsaming, som framheva i «Global Waste Mangement Outlook 2024».

Kvart år vert det generert meir enn to milliardar tonn kommunalt fast avfall globalt. Legg ein ikkje til rette for korrekt kjeldesortering, vil det få miljømessige og helsemessige konsekvensar for oss alle. Difor vil kjeldesortering og utvida produsentansvar (EPR) vere to viktige løysingar for å motverke desse utfordringane og oppnå
berekraftig avfallshandtering.

Kjeldesortering vil spele ei avgjerande rolle i avfallshandsaminga, ved at det reduserer mengda avfall som vert sendt til eit forbrenningsanlegg. Vidare aukar ein andelen avfall som kan gjenbrukas eller resirkulerast. På denne måten vil ein spare naturressursar og redusere energiforbruket i produksjonen av nye varer. Samstundes vil ein kutte ned på utslepp, som fører til global oppvarming.

EPR vil forlenge produsentane sitt ansvar gjennom heile livssyklusen til produktet, inkludert avfallsstadiet. På denne måten vil produsentane måtte designe produktet med tanke på miljøet. Dette fører til meir haldbare produkt, redusert materialbruk og auka resirkulering. Vidare vil EPR redusere avfallsmengda betydeleg og minske den miljømessige byrda knytt til produksjon og avfallshandsaming.

Implementering av EPR-systemet har vist seg å auke gjenvinningsgraden og redusere offentlege kostnadar knytt til avfallshandtering, sidan produsentane anten tek direkte del i avfallshandsaminga eller finansierer den. Samstundes har EPR bidratt til auka innovasjon innan resirkuleringsteknologi og måten ein handtera avfallet på. Dette fører til at produktet blir tatt med vidare i kretsløpet, slik at ein oppnår sirkulær økonomi.

I Noreg har vi kjeldesorteringssystem og byrja med å implementere EPR på enkelte produktkategoriar. Vi kan ikkje kvile på laurbæra av den grunn, då det gjenstår mykje arbeid for å sikre at systema vert oppretthaldt og tilpassa i takt med teknologiske og samfunnsmessige endringar.

Vi står ved ei avgjerande korsveg i møte med framtidas miljøutfordring, og eg utfordrar difor klima- og miljøministeren til å ta leiinga. Ved å engasjere oss for å implementere grundigare kjeldesortering og styrke EPR, kan vi ta viktige steg for å oppnå berekraftig samfunn. Eit forbetra system for avfallshandtering vil forenkle prosessen for oss alle, samt bidra til auka gjenvinningsgrad og redusere avfallsmengda.

Medan EPR-regelverket vil sikre at produsentane tek ansvar for sine produkt gjennom heile livsløpet, frå produksjon til avfallshandtering.

Difor har eg eit spørsmål til klima- og miljøministeren: Korleis planlegg regjeringa for å betre kjeldesorteringssystemet i Noreg og implementere EPR effektivt over heile landet, og kva steg vil bli tatt for å engasjere lokalsamfunn og næringsliv i prosessen?

Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

MK 700 ballepresse

Alles Miljø AS

REEN Control

Redusér CO2-utslipp og oppnå dine bærekraftsmål

Reen AS

REEN CMS

Optimaliser din avfallshåndtering med dynamisk sporing og lagerstyring

Reen AS

REEN Drive

Optimaliser din avfallsflåte i sanntid

Reen AS

Skraphandel og industriell demontering

Viking Gjenvinning AS
Siste nytt fra Avfallsbransjen.no

Sverige mener alvor med sine miljømål

Svein Kamfjord, Samfunnsbedriftene Avfall og ressurs
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.